Frå fjord til fjell – for deg som vil bygge og bu i Sunnfjord
Ønskjer du ein bit av Sunnfjord?
Kvifor Sunnfjord?
Her finn du alt som skal til for å leve godt
God plass og flott natur. Ein flott by, med urbane tilbod, ein variert arbeidsmarknad, eit rikt utval små og store tettstadar og grender, gode tilbod innan fritid, idrett og kultur, fantastisk natur, god kommunikasjon ut i verda, svært gode skular og barnehagar – og det beste: Korte avstandar mellom «alt».
Kven er vi?
Sunnfjord Tomteselskap er ein pådrivar, tilretteleggar og medspelar for å byggje det gode gode liv i Sunnfjord.
Vi ønskjer å realisere flest mogleg sine bustaddraumar. Målet vårt er å tilby eit variert tomtetilbod, slikt at alle kan få ein god stad og bu.
Sunnfjord Tomteselskap er eit AS, eigd av Sunnfjord kommune. Selskapet har sitt kontor i Førde og driv si verksemd i Sunnfjord-regionen. Sunnfjord Tomteselskap (tidligare Førde Tomteselskap) blei starta 26.01.1966
Strategiplan 2024–2028
Korleis skal Sunnfjord Tomteselskap bidra til bustadutvikling i åra som kjem? I strategiplanen finn du satsingsområda våre, mål for utvikling, og korleis vi vil jobbe saman med kommunen, private aktørar og innbyggjarane for å sikre gode tomter i heile Sunnfjord. Les planen som bladbar versjon eller last ned PDF.