Bygstadhaugane

Beliggenhet

Det nye feltet i Bygstadhaugane er ei forlenging av den eksisterande og godt etablerte bebyggelsen i bustadfeltet. Dette er eit svært barnevennleg område med kort avstand til Bygstad barneskule (1-7.trinn) og nye Bygstad barnehage. I nærleiken har du òg to nærbutikkar, kafé, Tønna pub og buldrehall. Bygstad byr på flotte turterreng, blant anna ligg Storehesten i bakkant av feltet. Det er vedteke bygging av ein ny idrettshall i tilknyting til skulen.

Det er kun 10 minutt til Førde Lufthamn Bringeland, 25 min til Førde, 15 min til Sande og 20 min til Dale og 45 min til Høyanger/Naustdal.

Beskaffenhet

Tomtene er regulert til bustadføremål. Alle tomtene er byggjeklare og er tilknytta til offentleg veg, vatn og avløp. Det er i tillegg lagt fiber til alle boligtomtene.

I områdene for tettare utbygging (BK1, BK2, BK3) er det tillate med oppføring av tomannsbustadar eller hus i rekke. Resterande tomter er regulert til å oppføre frittliggande småhusutbygging.


Relevante dokumenter:

Føresegner

Reguleringskart

Kontakt oss

Send oss ei melding ved å nytte feltet til høgre dersom du ynskjer tomtevisning eller har spørsmål til oss. Du kan òg ta kontakt med seljar Bente Grønsberg Aase direkte på:

Tlf. 404 44 704
E-post: bkgaase@sunnfjord.kommune.no

 
Previous
Previous

Steiafeltet - Sande

Next
Next

Smiehogen - Vassenden