Bygstadhaugane

Bygstadhaugane, Bygstad

Det nye feltet i Bygstadhaugane er ei forlenging av den eksisterande og godt etablerte bebyggelsen i bustadfeltet.

Bygstad er ei bygd i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Staden ligg innerst i Dalsfjorden, ca. 20 km frå Førde. Til Bergen er det ca. 150 km. Førde lufthamn, Bringeland ligg i Bygstad. Bygstad er kjent for sin rike natur ved elva Gaula, fjorden Dalsfjorden og fjellet Kvamshesten. Kvamshesten er eit naturleg midtpunkt i Bygstad og mottar besøkende fra verden over. Norges eldste laksetrapp ligger i Osen, Bygstad.

Bygstad skule var ny i år 2000. Skulen har elevar frå 1.klasse til og med 7.klasse. Skulen har eit fint uteområde med naturlege skogsområder, apejungel, ballbinge, klatrestativ, disser og grusbane. Det er no under bygging ein stor flott idrettshall med tilknyting til skulen.

Bygstad barnehage er ein fem avdelings barnehage som ligg i flotte natur omgivnader. I desember 2017 var det nye tilbygget til barnehagen ferdig. der vart det to nye avdelingar, eit større felleskjøkken, ny administrasjon og personalavdeling. Barnehagen ligg ved sida av Bygstad skule.  


Tomtene er regulert til bustadføremål. Alle tomtene er byggjeklare og er tilknytta til offentleg veg, vatn og avløp. Det er i tillegg lagt fiber til alle boligtomtene.

I områda for tettare utbygging (BK1, BK2, BK3) er det tillate med oppføring av tomannsbustadar eller hus i rekke. Resterande tomter er regulert til å oppføre frittliggande småhusutbygging.

Ta kontakt med oss for synfaring på ledige tomter!

Bente Grønsberg Aase
Tlf. 404 44 704
E-post: bkgaase@sunnfjord.kommune.no

Sjå dei ledige tomtene på Finn.no


Relevante dokumenter

Kontakt oss

Send oss ei melding ved å nytte kontaktskjemaet dersom du har spørsmål til oss. Du kan òg ta kontakt med seljar Bente Grønsberg Aase direkte.

Bente Grønsberg Aase

Tlf. 404 44 704
E-post: bkgaase@sunnfjord.kommune.no

Previous
Previous

Steiafeltet - Sande

Next
Next

Smiehogen - Vassenden