Velkommen til Sunnfjord
– din nye heim  

Kvar du skal bu er eit spørsmål som rører ved alle aspekt av livet ditt. Og då seier vi: Kvifor ikkje bu i Sunnfjord?

 
 

Her finn du alt som skal til for å leve godt: God plass og flott natur. Ein flott by, med urbane tilbod, ein variert arbeidsmarknad, eit rikt utval små og store tettstadar og grender, gode tilbod innan fritid, idrett og kultur, fantastisk natur, god kommunikasjon ut i verda, svært gode skular og barnehagar – og det beste: Korte avstandar mellom «alt».

Du får ikkje «storbylivet» her, men det beste av to verdnar: Du kan bu landleg, i eller rundt ein av dei mange tettstadane i Sunnfjord kommune, eller meir urbant i småbyen Førde. Der får du ordna det meste du treng, utan å bruke mykje tid til og frå.
Sunnfjord er ein god stad å bu, frå vogge til alderdom.
Førde vart i 2018 kåra til den beste kommunen å bu i landet, med god kapasitet i barnehagane og Førde-skulane har i mange år vore i toppen i landssamanheng. Førde er heimen til Førde  Sentralsjukehus, så her er vegen kort til gode helsetenester.

Men kvar skal eg bu?

Om du vel Sunnfjord kommune har du eit rikt utval av flotte stader å bu, anten du trivast oppunder fjell, eller ved fjorden. Kommunesenteret Førde har dei fleste tilboda du forventar av ein passe stor norsk småby, og på nokre område overgår byen forventingane.

Kort fortal: I Førde får du ordna det meste, utan å bruke mykje tid på reise rundt.

Sunnfjord kommune har eit rikt utval av tettstader og grender, kvar med sin sjarm. På Skei og Vassenden ser du ut over Jølstravatnet. I Viksdalen bur du i hjartet av Fosseheimen. På Sande bur du sentralt, men fredele. I Bygstad og Naustdal har du nærleik til fjord.

Alle har hatt sterkt fokus på bulyst i seinare år, med etablering av møteplassar og utbygging av idrettsanlegg, så her finn du trivelege lokalmiljø – som ønskjer nye naboar velkommen. Alle ligg også i kort pendlaravstand til arbeidsmarknaden i og rundt Førde.

Arbeidsplassar i fleng, frå fjord til fjell

I 2018 var det 11.526 arbeidsplassar i Sunnfjord kommune. Det utgjer ein mangfaldig arbeidsmarknad, med spennvidde frå maritime bedrifter til Helse Vest og nyskapande gründerbedrifter. Her finn du ein spennande jobb, anten du er jurist, tømrar, sjukepleiar, programmerar eller drøymer om å starte di eiga bedrift.

Næringsklynger som Peak Sunnfjord, og bedrifter som Tibber som er i ferd med å erobre verda, er gode eksempel på eit lokalt næringsliv som tenker nytt og er i flott utvikling.

 

Sunnfjord – midt i verda

Sunnfjord har ikkje alt Bergen eller Oslo har, men vi har noko du ikkje får der: Nok plass til å leve, og korte nok avstandar til å rekke alt du har lyst å fylle livet ditt med.

Her kan du bu rikt på opplevingar i kvardag og helg. Og så kan du nyte storbylivet i passe dosar, når det passar deg. Med fly frå Bringeland Lufthamn er du 1 time unna Oslo, og med det resten av verda. Sunnfjord har også daglege bussavgangar til Oslo, Bergen og Trondheim.

Livet er for kort til å stå i kø

Om du bur der «alle andre bur», i ein storby, har du ein enorm fauna av tilbod, men det kjem med nokre ulemper: Til dømes pendling i kø til og frå jobb. Vil du verkeleg bruke livet ditt i kø? Sjølvsagt vil du ikkje det. Med base i Sunnfjord brukar du ikkje mange minuttar på å komme deg til og frå jobb. Frå Skei er det under 40 minutt til og frå jobb i Førde til dømes. Eller som vi kallar det her: Kvalitetstid for deg sjølv, med ein kopp kaffi og radio.

Utdanning og skule

Om du har, eller har planar om, barn, er  du sjølvsagt oppteken av gode skular, barnehagar og utdanningstilbod. Barnehagekapasiteten er god, og Førde kommune skårar årleg særs høgt på barometeret over dei beste grunnskulane i landet. Ambisjonen er der for å halde fram med dette i Sunnfjord kommune.

I Førde finn du vidaregåande skular, folkehøgskule, høgskuleutdanning innan sjukepleie/ingeniør, og teknisk fagskule. Det er også kort veg til Høgskulen på Vestlandet si avdeling i Sogndal.

 

Natur, friluftsliv og idrett

Nordmenn er fødde med ski på beina, og elskar å vere ute. Sunnfjord kommune er ei enorm leikegrind for deg som er glad i friluftsliv: Fjellheimen her har dei siste åra blitt «oppdaga» som arena for fjellturar, både til fots og på ski. Her finn alle eit fjell som høver for dei.  Sunnfjord har også to fjordar, for deg som elskar livet på sjøen, flotte badestrender som Sanden i Naustdal, og eit utal vatn, elver og anna for deg som likar å fiske. Du finn flotte fleirbruksanlegg for idrett, fullførte og under oppføring, på Skei, Vassenden, Naustdal, Bygstad, Sande og i Førde.


Det organiserte idrettstilbodet er særs breitt, og omfattar alt frå vektløfting til dans, turn symjing, fotball, volleball, handball og langrenn, for å nemne nokre få.  

Ein har også ein rikt utval av flotte aktivitetsanlegg:

- Førdehuset (innadørshallar/fotballbaner ute/symjeanlegg osv)
- Hafstadparken (fotball/sykkel/skatebord/trening/volleyball og meir)
- Langeland Skisenter (langrenn/skiskyting)
- Sunnfjord Skisenter (alpin)
- Kråkenes Motorsportsenter (motorsport)
- Jølster Skisenter (alpint/turløyper)
- Sunnfjord Golflubb (9-hols golfbane)
- Sunnfjordhallen Beach senter (innandørs sandvolleball/klatrevegg)
- Treningsstudio finn ein tre av i Førde, eit på Vassenden og vektløftarhallen i Naustdal.

Ein kan ikkje leve av natur åleine!

Sunnfjord er rik på natur, og har ein spennande arbeidsmarknad. Men vi treng meir for å trivast: Vi må ha påfyll av opplevingar som rører oss. Sunnfjord kommune slår ikkje Oslo og Bergen på kultur, men vi har mykje å by dei som er glad i kultur.

Førdehuset byr på Sogn og Fjordane Teater, idrettsanlegg, stort bibliotek, og dei to kinosalane byr på jamt over 20 framsyningar i løpet av ei veke. Meir enn det er ikkje sikkert du rekk over om du bur i Oslo, eller her?

Nye Sunnfjord kulturskule er næraste nabo til Førdehuset. Dette er ein god arena for å fostre nye generasjonar med kreative ungdommar. Her finn ein tilbod innan musikk, dans, kreativ skriving, visuelle kunstfag og teater. 

Larris Scene er ei regional konsert/arrangementsscene som satsar sterkt på konsertar og ulike typar arrangement.

I Sunnfjord finn du ein sterk revy og kor-kultur, og vi har festivalar og arrangement for ein kvar smak: Førdefestivalen, Jølster Aurefest, Trøkk n’ Truck, Blest, Jølster Maraton, Sunnfjord Triatlon, Storehesten Opp og Bystien Førde Opp.

Tekst: Roy Sunde, Rein Design