Farsundfeltet

Sunnfjord Tomteselskap har i lang tid arbeidd med ei utviding nord for eksisterande bustadområde i Farsundfeltet. Etter ein omfattande reguleringsprosess kan vi omsider melde om at endeleg reguleringsplan for området er vedtatt!

Dette betyr at vi er i full gang med prosjektering, og vi planlegg og forventar salsstart i løpet av våren 2023. Vi veit at det er mange som har venta på dette. Vi har jamt og trutt fått mange henvendingar, og det kan sjå ut til at dykk gler dykk like mykje som oss til salsstart!

Området som skal byggast ut ligg nord for eksisterande bustadfelt og øst mot Kusslia. Her har du anledning til å bygge din draumebustad i eit attraktivt bustadområde i Førde. Det er avsett tomter til einebustadar, fleirmannsbustader, rekkjehus og kjeda hus. Du finn gjeldande reguleringsplan og reguleringskart til høgre på sida. Det er ikkje byggeklausul på tomtene.

Vil du sette deg opp på tildeling /kjøp av tomt finn du skjema, tildeling av tomter på sida vår.

Kontakt oss

Send oss ei melding ved å nytte feltet til høgre dersom du har spørsmål til oss. Du kan òg ta kontakt med seljar Bente Grønsberg Aase direkte på:

Tlf. 404 44 704
E-post: bkgaase@sunnfjord.kommune.no

 
Next
Next

Smiehogen - Vassenden