Flotte, solrike utsiktstomter i Slåttebakkane

Beliggenhet

Slåttebakkane er eit godt etablert byggefelt i Førde. Det nye feltet i i Brendeholten, ligg mellom den eldre delen av Brendeholten og Hjortefaret. Det eksisterande byggefeltet ligg langt lågare i terrenget så her får ein fritt utsyn over heile Førde - frå Førsnipa til Viefjellet og Hafstadfjellet. Tomtane som ligg nærast Hjortefaret får også utsyn mot inste del av Førdefjorden. I feltet vert det laga to område for tunleik, og ovanfor feltet er det natur / friområde.

Her kan du bygge einebustad innan bybussringen i Førde - næraste bussholdeplass er 50 m frå innkøyrsla til feltet. Det tek ca. 5 minutt med bil til sentrum. Det gjev nærleik til både den største arbeidsmarknaden i fylket, samt dei ulike service-, handel-, idretts- og fritidstilboda som Førde har å by på. Frå Brendeholten har ein kort veg til to av Førde sine flottaste friluftsområde. Det går turløype frå Reset like over feltet, heilt fram til Langeland ski- og fritidssenter. Det er og kort veg til turområda rundt Bekkjavatnet- kjent som Bymarka .

Næraste barnehage er Slåttebakkane Barnehage, det er også barnehage på Halbrend. Næraste skule er Flatene skule, som har elevar frå 1. til 4. klassetrinn og Halbrend Skule med elevar frå 5. til 10. klassetrinn. Det er gangveg både til skule og barnehage.


Beskaffenhet

Tomtane gjev høve til store einebustadar med garasje og hage. Tomtestorleik varierar frå 600 - 785 m2. Utnyttingsgrad på maks 37% BYA. Arbeidet med infrastruktur er ferdig. Det er lagt vatn, avløp, strøm og fiber til tomtegrense.

Tomtane ligg vendt mot nordaust og ligg i skråande terreng. I grunnen er det i hovudsak fjell, med eit lag av jord over. Det er og mindre parti med myr. Det kan byggjast to manns-bustader på nokre av tomtene. Tomtane har ikkje klausul om leverandør / type hus. Tomtene 2 og 10 er delvis opparbeida, dette er tatt i samband med bygging av vei og gir ein god pris på grunnarbeidet. Pris på dette vil komme i tillegg til salspris.


Relevante dokumenter:

Føresegner

Reguleringskart

Kart utsnitt

Sjå dei ledige tomtene på Finn.no:
Finnkode 94760706

Kontakt oss

Send oss ei melding ved å nytte feltet til høgre dersom du ynskjer tomtevisning eller har spørsmål til oss. Du kan òg ta kontakt med seljar Bente Grønsberg Aase direkte på:

Tlf. 404 44 704
E-post: bkgaase@sunnfjord.kommune.no

 
Previous
Previous

Sundsdalen

Next
Next

Steiafeltet - Sande