Reglar for tildeling av tomter

  1. Tildeling ved kjøp av tomt til fleirmannsbustad eller einebustad.

Tomtekjøpar er personar eller føretak/ lag/ foreining. Personlige kjøpara må være fylt 18 år. Berre ein person frå same husstand  kan søke på vegne av husstanden. Dersom eit føretak/ lag/ foreining ønsker å kjøpe meir enn ei tomt, kan det skje dersom det er ledige tomter etter første tildeling.

Første tildeling av tomter i eit nytt, og opparbeida bustadfeltfelt skjer etter kunngjøring i Lokalavisa og på Sunnfjord Tomteselskap si heimeside. Frist for å melde si interesse vil være minimum tre veker etter kunngjøring.

Søknad om tildeling av tomt skjer på eige skjema. Dersom det er fleire søkjarar til same tomt, skjer tildeling ved loddtrekning.

Ved tildeling av einebustadtomter blir private utbyggjara prioritert framfor kommersielle utbyggjara.

Etter førstegongstildeling av tomter, vil tildeling av ledige tomter skje fortløpande.

2. Vilkår/ frister

Overdragelse av tomta m/skjøte skal skje så snart som mulig etter endelig tildeling.

Tomta blir selt fri for økonomiske hefte. Kontant oppgjør mot skøyte

Arbeid på tomta kan ikke settes i gang før tomta er betalt og skjøte tinglyst. Dette gjelder slikt som rydding av skog, utgraving av tomt osv.

Dersom det innen to år etter kontraktinngåing ikkje er byggemeldt og sett i gang fysisk arbeid med husbygging på tomten, kan seljar krevje å kjøpe den tilbake.

Vidare sal av tomten i ubygd stand krev seljar sitt samtykke. Seljar har forkjøpsrett til tomten dersom kjøpar ønskjer å selje den ubygd.