Ledig næringsareal i Sunnfjord Næringspark

Første byggetrinn av Sunnfjord Næringspark på Moskog i Sunnfjord kommune er klar til etablering av verksemder. Næringsarealet ligg rett ved E39 i krysset til Fv13 over Gaularfjellet. Kjøper du tomt her sikrar du bedrifta di ei framtidsretta, moderne og praktisk lokalisering midt i fylket– sentralt mellom Bergen og Ålesund. 

Fem grunnar til å velje Sunnfjord Næringspark

  • Sentralt plassert med kort veg til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord – og køfri tilkomst til E39.

  • Ypparleg for bedrifter med krav til – og behov for – god logistikk.

  • Eit stort, fleksibelt, moderne og byggeklart næringsområde midt i Sunnfjord.

  • Mykje rom for arealkrevjande næringar.

  • Billege tomter og felt tilrettelagt for rask etablering.

Næringstomter til sjølvkostpris

Sunnfjord kommune, Sunnfjord tomteselskap og Sunnfjord Utvikling legg til rette for vekst og utvikling i næringslivet gjennom etableringa av Sunnfjord Næringspark. Vi ønsker å stimulere til nyetableringar og derfor er tomteprisane bestemt etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at prisane skal dekke dei faktiske kostnadane ved å opparbeide feltet.

Kontakt oss

Er du interessert i areal i Sunnfjord Næringspark? Ta kontakt med Gisle Stafsnes på telefon 916 13 487 eller e-post gisle.stafsnes@sunnfjord.kommune.no